Søk om plass!

Grashoppene

 I år har me 13 grashopper i Ås barnehage, i alderen 2-3 år. Det er 8 gutar og 5 jenter. Me som er saman med dei er Lene, Ingrid og Kjellaug. Me har også med oss deltakara og studentar frå HVL i periodar. Det er ein aktiv og sosial gjeng, og det er litt over eit år i aldersforskjell frå den yngste til den eldste. 

 

Barna på grashoppegruppa er unge i år, så me har fått to rom til rådigheit. I og med at det er litt aldersforskjell deler me mykje i grupper både i inneleik, aktivitetar og tur.

Romma som me disponerer er tilrettelagt for tumleplass, men og bord aktivitetar, rolleleik og konstruksjonsleik. Det er mange krokar slik at det er gode muligheitar for leik.

 

Barnehagen jobbar med "Være sammen" og vaksenrolla. Det å være den autoritative vaksne, som gjer ar ting er tydleg for barna, og me har like grenser. Dette skal være lettare for barna å forholde seg til. Forskning seier og at barna blir den beste utgåva av seg sjølv om dei møte varme og grensesetjande vaksne(autoritative vaksne)

 

Grashoppene liker seg på tur. Me bruker mykje nærområdet til barnehage. Museet er eit turmål barna setter stor pris på. Skogen er og spennande med det den har å by på av allsidig motorisk trening og småkryp.

Grasshoppene disponerer og barnehagebussen ein dag i veka. Då kjem me oss litt lenger på tur, og ikkje minst det å sitte i bussen saman.

 

Sosial kompetanse jobbar me mykje med i kvardagen, korleis er me med kvarandre. Kva liker eg at vennen mine gjer med meg, og motsatt. Korleis kan eg trøyste nokon som er lei seg?

 

Me på grashoppegruppa er opptatt av å ha det kjekt i samman, og ler mykje. Det er mykje positiv energi i denne gjengen.

 

Me gleder oss til å være saman:)

 

Helsing Lene, Ingrid og Kjellaug.

Kva er goy

 

 

 

Det har jeg aldri prøvd,

så det kan jeg sikkert klare!

                                    -Pippi

 

 

Lene Presthaug

Pedagogisk leiar

Ingrid Nysæter

Barne- og ungdomsarbeider

Kjellaug Larsen

Assistent