Søk om plass!

Sommarfugl

På Sommarfuglgruppa har vi i år 17 barn, 9 jenter og 8 gutar, der 8 av barna er førskulebarn. Det er ein herleg og livleg gjeng, med mykje latter og glede. Dei har stor omsorg for kvarandre og dei er flinke å ta alle med i leiken.

 

På denne gruppa likar vi godt å vere ute og vi har turdag to ganger i veka. Vi er på busstur kvar veke, då drar vi på tur rundt omkring på heile øya. Vi har bla. vore i Sherpatrappene i Stordfjellet og vindmølleparken på Fitjar. Når vi er på tur synest vi det er gøy å lage mat ute. Vi lagar supper, fiskepakker med mykje godt inni, wok, risotto og mykje meir. Vi brukar nærområdet vårt også. Barnehagen har eigen leirplass i skogen like ved, der likar vi oss godt. Der har vi mange kjekke naturleiker, som klatretau, reile, hengekøye, gapahuk, balansestokk og mykje meir som gir barna gode motoriske utfordringer. Ellers går vi turar til sjøen, Ådlandsvatnet, Leirvik mm. Vi brukar også Sunnhordland museum, der vi kan kikke inne i husa og lære om korleis livet var i gamle dagar.

 

Når vi leiker inne har vi stor glede av rolleleik, anten det er i familiekroken eller på playmorommet. Vi synest også det er kjekt å perle, teikne og klippe. Når dei vaksne lagar til ulike eksperiment, då følgjer vi ekstra godt med. Det er så spanande!

 

I barnehagen har vi også eige baderom. Der har vi eit lite basseng som vi elskar å leike i, eller så kan vi bruke rommet til ulike vannaktiviteter.

 

 

 

 

 

Kva er goy

 

Siv Miljeteig

Pedagogisk leiar

Marte Michelsen

Pedagogisk leiar

Jillian Moores

Pedagogisk medarbeidar