Søk om plass!

Tissemaurane

I år er vi 19 barn på Tissemaurgruppa. Det er 11 gutar og 8 jenter, i alderen 3-4 år. Dette er barn som gikk på to ulike grupper i fjor og som nå er slått saman. Vi har allerede fått ein godt samansveisa gjeng, med mykje energi og humør. Linda og Siv er pedagogiske leiarar og så har vi med oss Linn som er fagarbeidar. I tillegg vil vi i periodar ha inne deltakarar frå Opero og studentar frå HVL (Høgskulen på Vestlandet). Det er dei vaksne si oppgåve å legge til rette for gode leike- og kvardagssituasjonar for barna.

 

I og med at vi er ei så stor gruppe disponerer vi to rom i år. Desse har litt ulik innreiing for å gi eit variert leiketilbud til alle barna. Vi har ved hjelp av hyller delt opp romma i små krokar, med ulikt innhald. Vi har lagt til rette for rolleleik, konstruksjonsleik, vi har bilar, togbane, spel mm. Dette gjer at vi har god plass og kan vere mykje delt i små grupper gjennom dagen.

 

Også på turdagane bruker vi ein del smågrupper, spesielt når vi skal på busstur. Dette gjer at vi skapar tette og nære relasjonar til kvart enkelt barn og vi sikrar barns medverknad. I tillegg vil barna lettare kunne skape og oppretthalde vennskap og få meir ro over aktivitetane. Vidare kan vi lettare gi omsorg og utfordringar tilpassa kvart enkelt barn.

 

Tissemaurane er glade i å vere ute. Spesielt kjekt er det å lage mat på bål. Dette prøver vi å få til så ofte vi kan. Vi har mykje flott natur rett rundt barnehagen og vi har eit spennande nærområde med tilgang til bla. skog, leirplass, vatn, sjø, Sunnhordland museum og sentrum. Ved hjelp av barnehagebussen kjem vi oss også på lengre turar, slik at vi kan oppleve variasjon i våre turmål og bruke heile øya som tumleplass.

 

I Ås barnehage jobber vi med Være sammen, eit utviklingsarbeid som handlar om vaksenrolla. Vi skal vere varme og grensesetjande vaksne i møte med barna. Vi skal møte barna på ein måte som utviklar deira relasjonskompetanse og sosiale ferdigheter.

 

Vi gler oss til eit spennande år i lag med Tissemaurane!

 

Hilsen Linda, Siv og Linn

 

 

 

 

Kva er goy

 

 

 

Linda Amundsen Rogne

Pedagogisk leiar

Siv Miljeteig

Pedagogisk leiar

Linn Rebekka Bernersson

Barne- og ungdomsarbeider