Søk om plass!

Tusenbein

På Tusenbeingruppa i år har me ti barn som alle er fødde i 2016, med to jenter og åtte gutar på gruppa. Me vaksne på gruppa er Anna, Liv Kristin, Karoline og Kine.

 

I løpet av ei veke har me faste tur- og utedagar, og faste føremiddagar der me er inne. Dei føremiddagane me er inne deler me oss i mindre grupper. Då har me gjerne ulike aktivitetar og fri leik der me vaksne kan vere tett på i leiken og støtte og rettleie barna. Me ser at barna finn meir roen og leikar finare saman når dei er i ei mindre gruppe. Det gir dei òg betre høve til å øve på å dele, samarbeide og vente på tur. Når me deler barna i mindre grupper er me òg sikra at me ser alle barna kvar dag og kan gi dei endå meir omsorg og merksemd.

 

På utedagar er noko av det kjekkaste å leike med vatn. Heldigvis er det stort sett nok til alle ;) Reila og sandkassen er òg populære plassar å leike i barnehagen. Når me skal på tur likar me oss blant anna godt på leirplassen vår. Den ligg eit lite stykke unna barnehagen og gir barna gode motoriske utfordringar ved å gå i det ulendte terrenget. Me likar og å gå på tur til museet. der er det kjekt å springe på plenen, leike jage- og fangeleik og banke på dørene i dei gamle husa. Ein dag i veka er me på busstur. Då har me moglegheit til å komme oss litt lengre vekk og leike andre stadar, det er spennande.

 

No i haust har me flytta opp i den store delen av barnehagen, her har me endå fleire rom, barn og andre leikar å leike med- det er spennande!

 

Helsing Anna, Liv Kristin, Karoline og Kine

Kva er goy

 

 

 

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Malin Stokken

Barne- og ungdomsarbeidar

Anna Jespersen

Pedagogisk medarbeidar