Foreldrerepresentantar 2017/2018

 

 

 

 

Då har me fått nye foreldrerepresentantar til barnehagen.  Erik Sandstad og Arnhild Myklebust vart hovudrepresentantar frå foreldrerådet, valgt av foreldra på foreldremøtet no i september.

 

 

Har de saker de ynskjer dei skal jobba med er det berre kjekt med innspel. Det kan til dømes vera forslag til arrangement, saker de synest er vanskeleg å ta opp med personalet direkte eller spørsmål rundt organiseringa i barnehagen.

 

Hovudoppgava deira er å vera talerøyr for foreldra inn til leiinga i barnehagen. Dei deltek på samarbeidsutval, kor til dømes årsplan vert vedteke. Dei har også ein mulighet til å snakka foreldrene si sak om det vert gjort endringar i vedtekter.

 

Ta gjerne kontakt,

det skal vera lav terskel og ingen saker er for små!!

 

Nestleiar

 Ian Kolstad

Tlf: 41 51 87 95

iankolstad@gmail.com 

                                                                                                       

Leiar

Erik Sandstad

Tlf:92 29 74 81

erik.sandstad@kvaerner.no