Ny i barnehagen?

Når ein er ny i barnehagen er det mange tankar og spørsmål ein ofte ynskjer å få svar på. "Korleis skal dette gå når vårt barn er så avhengig av mor?" "Mitt barn et ikkje brødmat, må me ta med graut?" "Guten vår går ikkje enno, skal me då kjøpa sko?" Mange har spørsmål rundt kvardagen til borna. Ta dei med til personalet så svarar dei så godt dei kan. Send gjerne eit spørsmål på mail til pedagogen på gruppa di om det er noko du er utrygg på.

 

Dei første dagane i tilvenninga er svært viktige. Me reknar med at både born og foreldre treng tre dagar for å bli godt kjendte i barnehagen. Første dagen vil me at ein av foreldra er saman med barnet på besøk eit par timar, neste dag er de der med barnet i starten for så å forlata rommet. Me ynskjer at de denne dagen skal vera tilgjengelig i barnehagen slik at me lett kan ta kontakt om barnet er svært lei seg. Siste dagen er de saman med barnet ei kort stund for så å vera vekke eit par timar, og kanskje lengre om tilvenninga går lett. 

 

Alle born er ulike og tilvenninga kan vera svært ulik. Nokre er svært lei seg i starten og brukar lang tid på å bli trygge, og andre kjenner på det etter nokre dagar at dette vart litt trist, men personalet er gode på å vera der for kvart enkelt barn.

 

Når barna starta i barnehagen får dei ein primærkontakt. Dette er ein person som skal ta seg ekstra godt av dykkar barn i starten, dei møter deg første dagen og vil vera ein viktig person i tilvenninga.

 

I barnehagen hos oss lagar me til tre måltid om dagen, de treng ikkje ha niste med. Frukosten startar rundt 8:15 nede hos dei små, oppe er me igang med mat ca 7:45. Borna et når dei kjem, men om de ynskjer frukost her må de vera i barnehagen før 8:45. Frukosten er slutt kl 9:00. Neste måltid, som blir lunsj, et me ca kl 11:00 nede og 11:30 oppe. Ein dag i veka lagar me varm middag til borna, dei andre dagane et me brødmat med variert pålegg. Må barnet dykkar ha spesialmat av ulike grunnar så snakkar de med personalet, det ordnar seg ofte lett. Det tredje måltidet er rundt kl 14:00, då lagar me til litt frukt.Ynskjer borna ha nistemat med, sånn ein gang innimellom, må de tenka på at dette skal vera sunn mat, nokolunde likt det me serverer her. Det som også er viktig er at de ikkje har med noko mat som inneheld nøtter. Me har barn med nøtteallergi, det kan få store konsekvensar om dei kjem i kontak med dette.

 

Om barnet dykkar skal kvila i barnehagen må de ha eigen vogn med. Me har vognrom inne, så om de ynskjer at den skal stå her blir den oppbevart der om natta. Alle borna søv ute i barnehagen, så de må tenka på at dei har dyne/vinterposar og tepper liggande her. Lurt også å tenka at ein kan ha sovekler liggande. Det står alltid ein voksen saman med borna når dei ligg ute, dei lagar ein oversikt på kor lenge kvart enkelt barn søv.

 

I garderoben har alle borna kvar sin garderobeplass, her står ei korg meint for byttekler. Her må det ligga helst to sett av body, strømpebukse, genser, bukser, sokker og truser. Så må de tenka kva årstid det er, kanskje treng ein fleire vottar, kanskje ullbody, kanskje bomull. På vinterhalvåret anbefaler me alltid ull innerst. Alternativ finnes om borna reagerer på det, spør i butikken. Borna må alltid ha kler både til årstid og vær. Regnkler er eit must, helst utan fleece, iallefall for dei store borna. Støvlar og vintersko, dette må tilpassast barna og været. Snakk med personalet om kva dei meiner er lurt å ha på plass i hylla.

 

Alle klea de har med må merkast!! Å ha kontroll på kva som høyrert til kvart enkelt barn er umulig utan navn....

 

Er det ellers noko de lurer på så ta kontakt med personalet. Kvar gruppe har sin mobil, send ein melding om det er noko. Ring gjerne eller send ein mail, me skal hjelpa så godt me kan. Velkommen skal de vera og lykke til.