Visjon og mål

Vår visjon er at borna forlet barnehagen godt rusta for framtida med:

  • Lyst til å læra
  • Tru på seg sjølv
  • Respekt og omsorg for andre

 

Vårt hovudmål er:

  • Barn har medverknad på eigen kvardag
  • Felles fokusområde for heile barnehagen
  • Me er medvitne likestilling i det pedagogiske arbeidet
  • Vaksne som engasjerer barna til ein aktiv kvardag

Morsomme aktivitetar

Sidan nyttår 2013 har me hatt eit samarbeid med Barnas turlag, som er ei gruppe i Stord-Fitjar turlag. Formålet deira er å stiumulera til sikkert og miljøvennleg friluftliv for alle som bur i, og som vitjar Stord og Fitjar. Me i barnehagen vår kjenner me kan identifisera oss godt med dette og ynskjer å legga meir vekt på turar i nærmiljøet. Målet vårt vil vera at me i vår kvardag i barnehagen får bli betre kjende med turløypene som turlaget har laga for barn og familiar her på Stord. Samtidig som familiane som er knytta til barnehagen vår skal få meir kjennskap til kva verdiar turlaget står for, og kanskje klarer me å stimulera til meir familieaktivitet i skogen og på fjellet på Stord.

 

Fleire i personalgruppa vår bur på gard. Det gir oss mulighet til å komma tett på gardslivet på fleire måtar. Det er spennande å sjå dei nyfødde lamma på våren, dei store kuene på båsen, sjå store traktorar, kjenna på lukter og ikkje minst aka på store bakkar når snøen er der.

 

Barnehagebilen vår blir dermed ofte nytta slik at me kan komma oss utanfor barnehagen. Alltid populært å få vera i den gruppa som skal på busstur. Det er sosialt og kjekt berre å få vera med på bilturen, og då er musikken ofte viktig. Kunne ditt barn "The Fox" då den herja på hitlistene? Mulig dei då har høyrt den nokre gongar i bussen.... Eller "Gamdam style", den var også kjekkast når me fekk synga høgt i bilen.

Spennande nærmiljø

Ås barnehage ligg sentralt i utkanten av Leirvik sentrum.  Med refleksvestar på, tutlar me nedover for å kikka på store båtar, besøkja Stord-døra, stikka innom fiskebutikken for å sjå om dei har noko spennande i disken. Biblioteket er òg ofte brukt, me kikker i bøker, spelar spel og legg puslespel. Ellers ligg me i gangavstand til skogen og leirplassen vår, til stranda, til Ådlandsvatnet. Ikkje langt unna oss ligg Sunnhordland museum.

 

Dei har me eit nært samarbeid med, kor me låner husa og området når me ynskjer det.

Me har ein leirplass i skogen, som ligg i gangavstand fra barnehagen. Her har me klatrenett, balansetau, taubane med blåse til å sitje på, bålplass og gapahuk. Hausten 2013 hadde me besøk av 3 kjekke studentar fra høgskulen, som laga eit gjøkur til oss; det er ei avansert og kjempestor reile, det er plass til mange barn på.

Trygge omgivnader

Hos oss har me skjerma småbarnsgrupper. Bygget vårt er utforma slik at dei yngste borna har leikerom og grupperom adskilt frå dei andre gruppene. Her har me større mulighet til å gi bona den omsorgen og tryggleiken dei treng i starten for at dei skal bli trygge på seg sølv og omgjevnadane. 

 

Vår barnehage er eigd av attføringsbedrifta Opero. Denne bedrifta har fleire avdelingar deriblandt mekanisk på Heiane, data-avdeling, me driv to kantiner pluss at me leiger ut folk til andre kantiner på øya. I tillegg har me jo barnehagen vår då sjølvsagt. Opero har i oppgave å hjelpa personar som har stått utanfor arbeidslivet ei stund, tilbaket i ordinært arbeid. Deltakerane våre har ulike ufordringar, ofte er det helsa som har hindra dei arbeid ei tid. Me vil prøve å bygge dei opp slik at dei kan kjenne på at det å ha noko fast å gå til, det å møta vaksne og born som er glade for å sjå dei på morgonen kan auka livskvaliteten betydeleg.

 

Dette betyr for oss at me får fleire vaksne tilstades for borna i kvardagen. Me har ei ekstra hand til borna på tur, eit ekstra fang om borna blir lei seg, ein ekstra vaksen i garderoben som kan hjelpa med den vanskelige strikken. I barnehagen har me ei fast ordinær bemanning, i tillegg kjem deltakerane. Unntaka kan vera i sjudomsperiodar at lærlingar og personar me meiner er kvalifiserte til det blir brukte til vikar.