Morsomme aktivitetar

Sidan nyttår 2013 har me hatt eit samarbeid med Barnas turlag, som er ei gruppe i Stord-Fitjar turlag. Formålet deira er å stiumulera til sikkert og miljøvennleg friluftliv for alle som bur i, og som vitjar Stord og Fitjar. Me i barnehagen vår kjenner me kan identifisera oss godt med dette og ynskjer å legga meir vekt på turar i nærmiljøet. Målet vårt vil vera at me i vår kvardag i barnehagen får bli betre kjende med turløypene som turlaget har laga for barn og familiar her på Stord. Samtidig som familiane som er knytta til barnehagen vår skal få meir kjennskap til kva verdiar turlaget står for, og kanskje klarer me å stimulera til meir familieaktivitet i skogen og på fjellet på Stord.

 

Fleire i personalgruppa vår bur på gard. Det gir oss mulighet til å komma tett på gardslivet på fleire måtar. Det er spennande å sjå dei nyfødde lamma på våren, dei store kuene på båsen, sjå store traktorar, kjenna på lukter og ikkje minst aka på store bakkar når snøen er der.

 

Barnehagebilen vår blir dermed ofte nytta slik at me kan komma oss utanfor barnehagen. Alltid populært å få vera i den gruppa som skal på busstur. Det er sosialt og kjekt berre å få vera med på bilturen, og då er musikken ofte viktig. Kunne ditt barn "The Fox" då den herja på hitlistene? Mulig dei då har høyrt den nokre gongar i bussen.... Eller "Gamdam style", den var også kjekkast når me fekk synga høgt i bilen.