



Humlene
Humlene er ein gjeng på 9 barn, to jenter og sju gutar.
Me vil bruka seinsommaren og tida utover til å bli godt kjent, der me jobbar for å få gode relasjonar mellom barna, og mellom barna og dei vaksne.
Det er viktig for oss at barna får ein god og trygg start på barnehageåret, og at foreldra kjenner seg trygge på at barna blir godt ivaretatt.
Me kjem til å vera mykje ute, då brukar me uteområdet vårt i barnehagen og går tur i nærmiljøet. Etterkvart kjem me og i gang med ulike aktivitetar, korte samlinger med sang og musikk, formingsaktivitetar og eksperimentering/utforsking.
Me gledar oss til å ta fatt på året saman med barna.
- Marte, Ingrid og Karoline



Marte Michelsen
Pedagogisk leiar

Ingrid Nysæter
Barne- og ungdomsarbeidar

Karoline Lorentsen
Pedagogisk medarbeidar