Søk om plass!

Kjekt hos oss!

På Marihøner går det i dag 9 barn, 3 jenter og 6 gutar. Alle barna på gruppa byrja hausten 2020. I Ås  barnehage har me byrja å følgje ein modell som heiter "Lørnskogmodellen". Den går ut på at foreldra er meir saman med borna i barnehagen, før borna er aleine. Dette har me fått tilbakemelding frå foreldra at var svært positivt, og me vaksne i barnehagen ser og nytta av dette. Ikkje berre fekk borna utforske barnehagen saman med foreldra, men me tilsette i barnehagen vart godt kjend med foreldra og kunne trygga dei før dei skulle la sine søte små vera aleine for første gong. 

 

Det er viktig at borna vert trygge før me gjer for mykje aktivitetar i kvardagen. Me nyttar difor god tid på å kome i rutinar og verta kjend både born-born og born-vaksen. Me vaksne tenkjer det er viktig å vera på barnet sitt nivå og vera ein trygg base for dei. Me sit difor på golvet når me er i leik og er synlege for borna. Dette ser me skapar tryggleik: at dei kan gi oss eit blikk eller kome å sitje på fanget om dei treng det. 

 

Når me ser at borna er trygge og me er kome inn i rutinar vil me starte opp med meir pedagogisk aktivitetar. Samling med sang og musikk, møte ulike materialer og det å utforske nærmiljøet er noko me gleder oss til å gjere i år. 

 

 

Lena, Jill og Agnethe.

 

Kva er goy

Lena Egelandsdal Stokken

Pedagogisk leiar

Jillian Moores

Barne- og ungdomsarbeidar