Søk om plass!

Sommarfugl

 

 Sommarfuglane er den eldste gruppa i barnehagen, og dei er ein knallkjekk gjeng på 17 barn. 8 jenter og 9 gutar. Dei fleste skal byrja på skulen til hausten, men me har og 3 barn som skal skal gå i barnehagen eit år til. Dei vaksne på gruppa er Malin, Maren, Anne Bente og Nazia.

 

No i corona-pandemien er me mykje ute, noko som passer sommarfuglane veldig godt. Ute likar vi godt å leite etter småkryp, klatre i trær, leika med ball og ikkje minst finna forskjellege skattar. Favoritten er å finne gull, og i vår barnehage finner me ofte gull, mon tro om det er nokre sjørøvera på besøk her på nettene…?!

 

Vi har bussen to dagar i veka, nokre gonger er vi på busstur heile gjengen, mens andre ganger er vi bare 6 stk på busstur. Når vi er få på tur har vi moglegheit til litt lengre turar og vi får god tid til å utforske både fjell, skog og strender.

Vi har og ein eigen leirplass i barnehagen vår, og her likar vi oss godt. Den ligg berre eit steinkast fra barnehagen så her kan vi gå ofte. Her har vi både tauleiker, bålplass og masse kjekk skog og boltre oss i.

 

Når dagane blir mørkare og været kaldere kjem vi nok til å tilbringe litt av dagane våre inne. No i corona tida er det stor stas å få lov å gå inn, og da er leiken på hemsen utruleg kjekk. Ungane elsker å leike med magneter, teikne og spela spel inne. Kjøkken/heim kroken er og veldig populær, og der er rolleleiken veldig sentral. Her serverer dei dei lekraste rettar med både cupcakes og iskrem, og ofte har dei ein kaffikopp til dei vaksne og.  

 

-Malin, Maren, Anne Bente og Nazia ????

Kva er goy

Sommarfuglane liker ekstra godt:

 

*gå på tur

*finna skatter

*klatra i trær

*spela spel

Malin Eriksen

Pedagogisk leiar

Anne Bente Østraat

Fagarbeidar

Nazia Ibrahim

Pedagogisk medarbeidar