Søk om plass!

Tissemaurane

Tissemaurane er ein herleg gjeng på 17 barn. Det er ti gutar og sju jenter på gruppa, og alle barna er fødd i 2016. Me vaksne på gruppa er Kine, Audhild og Mia.

 

Me likar oss godt ute, og favorittsysselen er å leite etter småkryp. Jo fleire ulike småkryp me finn, jo betre. Men jammen er det kjekt å finne mange av samme typen òg. Store og små. Då er det kjekt å lage til eit miljø til dei i ei bøtte slik at me kan studere dei på nært hald. Å leike i sandkassen er òg populært, der lagar dei fine garasjar og bilvegar, og mange gode kaker som me gjerne får smake på. Rolleleiken får større og større plass. Me ser mykje familieleik med babyar og kjæledyr som må stellast med, nokre er `jobbemannar`, andre frisørar og nokre leikar butikk.

 

To dagar i veka har me bussen. Då fer ei lita gruppe på 5-6 barn på tur, medan resten går på tur. Når me har ei lita gruppe på tur om gongen får me god tid til å gå på tur og god tid til barna. Av og til går me heile gruppa. Nokre gonger fer me på korte turar, andre gonger lange turar. Me likar oss godt på stranda og elskar å leite etter krabbar og finne skattar. Det får me aldri nok av. Det er stor stas med busstur, og det er stor jubel når det deira tur. Når me ikkje er på busstur, likar me oss godt i skogen på Ås. Turen går ofte til anten trollsteinen, ned til frugardselva eller den fine leirplassen vår. På leirplassen er det kjekt å køyre taubane, klatre i tre og lage hytte. Og barna får gode motoriske utfordringar.

 

Når me leikar inne er småbilar og kjøkkenkroken favoritten. Me disponerer to rom der me legg tilrette for leik med småbilar, tog, rolleleik, formingsaktivitetar og spel. Me deler oss i mindre grupper slik at me vaksne kan vere tett på og rettleie og delta i leiken.

 

Me gler oss til eitt nytt år med gjengen vår!

 

 

 

 

 

Kva er goy

Jakt på småkryp og skattar i stranda er det kjekkaste me veit!

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Audhild Sørensen

Pedagogisk medarbeidar

Mia Grov

Pedagogisk medarbeidar