Søk om plass!

Tusenbein

På tusenbein brukar me å ha 9 barn. No har me hatt 8 barn på gruppa. 5 jenter og 3 gutar. Grunna covid-19 er me mykje ute. Me prøver ut nye leikematerial ute får å få variasjon i leiken. Me vil og prøve å ta med oss inneaktivitetar ut. Me vil nytta også nytte rommet vårt som vil væra i endring etter kva leik barna intresserer seg for. 

I gangen har me laga til leik for bilar med røyr og bilveg, det er også moglegheit for balanseleik og køyre moped. Barna er i 2 års alderen og dei er aktive ute og inne.Toddlaren i barna viser seg godt ved å springe saman, le og vise glede. Barna likar godt å nytte sanseflasker i leik, sjå kva som er inni, ha dei i veskene sine og gjerne gi oss vaksne "kaffi" frå flaskene. 

 

Nokre barn kviler enda og nokre har så vidt begynt å gå på do. Me har bad i nærheiten så det er fint. Barna vil gjerne prøve ting sjølv, med litt hjelp så får dei til mykje. Noko klarar dei sjølv.

 

I uteleiken er det gøy med vatn, lage mat, hoppe, springe, sykle m.m. Me er heldige å ha både skog og fotballbane rett ved barnehagen, der tar me gjerne oss ein tur; ete blåbær, sjå på naturen m.m. Museet og museumsparken kjem me til å bruke. Der kan me utforske skulpturar, bli kjent med området og gå på besøk i husa.

 

Me ser fram til eit kjekt år med glade og gode Tusenbeinbarn!

Kva er goy

 

 

 

Linda Amundsen Rogne

Pedagogisk leiar

Hilde Nysæter

Barne- og ungdomsarbeidar

Jessica Hauan

Fagarbeidar