Søk om plass!

Humlene

Humlegruppa er i år ein kjekk gjeng på 9 barn, 3 jenter og 6 gutar. Alle er fylte 1 år og fleire nærmer seg 2 år. Nokon av dei har hoppa opp fra fjorårets marihønegruppe og nokon er heilt nye i år. I år er alderen på gruppa ganske jevn, og det syns vi er veldig kjekt. Vi ser at ungane er nysgjerrige og interesserte i kvarandre, dei utvikler seg kvar dag og begynner å finne kvarandre.

 

August har vi brukt godt til å bli kjent med alle sammen, alle har ulike behov og ulike forutsetninger og vi syns det er kjempe spennende å skulle følge humlene fremover. Tilvenning i barnehagen er ein intensiv periode, nokon griner, nokon smiler og foreldra kjenner på ulike følelser når dei for første gang skal levere barna sine i barnehagen. Vi i personalet har vært gjennom denne perioden veldig mange ganger før og veit kor viktig den er for både barn og foreldre. Trygge foreldre=trygge barn :)

 

Leiken på humlegruppa er enda litt parallell, dei leiker ved siden av kvarandre, men byrjar og å ta kontakt med kvarandre og av og til vil dei ha leikene til dei andre og ;) Humlene likar veldig godt å vere ute og dei elsker å være på tur i vogna i nærmiljøet. Spesielt kjekt er det å gå å sjå på bussane og båtane. Å plukke bær mens vi er på tur er heilt suverent ;) 

 

Humlene øver seg på å ete sjølv, noko som kan vera veldig morosamt av og til. Dei er veldig glade i all den gode maten dei får av den flinke kokken i barnehagen vår. :)

 

Me gledar oss til å ta fatt på året saman med barna.

 

Dei vaksne på humlegruppa er Audhild, Hilde og Malin :)

 

 

 

Kva er goy

 

 Det er kjekt...

- med såpebobler

- å plaske i dammen

- å synge og danse

- å krype, klatre, rutsje og hoppe

- å lese bøker 

 

Malin Eriksen

Pedagogisk leiar

Hilde Aastrøm Olsen

Barne- og ungdomsarbeidar

Karoline Lorentsen

Pedagogisk medarbeidar