Litt om dagane våre

Me lika tur i nærmiljøet vårt, både til fots og med barnehagebilen vår. Barnehagen ligg flott til

med skogen som nabo, me har vår eigen leirplass, og me har Sunnhordlandstunet ikkje så langt borte. Barnehagebilen nyttar me kvar dag, og dei eldste gruppene har den fast på sine dagar. Av sikkeheit er det barna som er fylt fire år som får tilbodet om å vera med. 

 

Barnehagen har fått ny fin fasade, eit eige veksthus der me kan leike, byggje, og plante planter. Me fekk for ei kort stund sidan nytt klatrestativ, som er svært kjekt for dei yngste barna, då dei klarar å meistre mykje av utfordringa med klatringa sjølv. Skogen og den store fotballbanen nyttar me til leik veldig ofte. 

 

Me er heldige så har ei i personalgruppa som har gard, -noko som gir unike moglegheitar til å komma tett på gardslivet. Om våren får barna sjå og klemme på nyfødde lam, dei får sjå store traktorar, kjenne på lukter, og om vinteren får barna aka i dei kjekkaste bakkane. 

 

Barnehagen har sidan 2013 hatt eit samarbeid med Barnas turlag. Formålet deira er å stiumulera til sikkert og miljøvennleg friluftliv for alle. I barnehagekvardagen vår nyttar me høva til å bli betre kjende med mange av dei flotte turløypene turlaget har laga til, og me håpar det gir inspirasjon til å utforske turløypene i saman med familie og vener.