Søk om plass!

Humlene

 

 

Humlene er ei gruppe på 9 barn og tre vaksne. I haust er dei 6 jenter og 3 gutar på gruppa, nokre fødd i slutten av 2022 og nokre i 2023. Fire av Humlene har vert saman på Marihønegruppa og resten er nye no i haust. Det er kjekt å vera saman og me ser samspel og vennskap utvikle seg.

 

Den fyrste tida vil me bruka til tilvenning og det å verte trygg i barnehagen.

Me vil bygga trygge, gode relasjonar mellom barn-barn og mellom barn-vaksne. Me er på golvet saman med dei og er tett på barna i leik og samspel. Slik kan me verte kjent, lytte til det dei utrykker og støtte dei til utvikling. Me er ladestasjonar for barna våre og vil vera ein trygg base. Ein trygg base som gjer dei rusta til å utforske og utvikle seg best mogeleg. Me vil bruke tid på å vere saman og dele dagar med innhald. Humlene elskar song og musikk, dans, klatring, hopping og aktivitet som møter heile barnet. Dei har mykje dei skal lære og finne ut av. Saman med jamaldringar skal dei få utforske, utvikle og oppdage verden saman

 

Marihønene og Humlene har eigen base nede i kjellaren, her har me god plass med eigne grupperom og eit stort fellesrom. På den måten er me meir skjerma frå resten av barnehagen og kan legge godt til rette for dei yngste barna. Det er eit tett samarbeide mellom Marihønene og Humlene, me er mykje saman og vert godt kjent både små og store. Det er også eit eiget uteområde knytt til vår base, her har me god oversikt og kan legge til rette for leik og utforsking tilpassa dei små. Skogen er tett på barnehagen vår og me kjem til å bruke mykje tid der, tid til utforsking og oppdaging. Om me vil kan me leike inne på uteområdet til dei store, der vert me godt tatt imot både av små og store. Det er stas å møte barn, både søsken, kjente og bli kjent med nye venner.

 

Å leike ute er kjekt, spesielt når det er fint ver, men me trivest også ute dei dagane me har vanleg vestlandsver. Då kan me mellom anna leike og sutle med vatn, hoppe i søledammar, grave og styre med sand og stein. Ute i barnehagen har me to nye klatrestativ, bil, båt, sandkasse og mykje meir. Leirplassen i skogen ligg også i nærområdet vårt og her er det stas å utforske og leike. Me kjem også til å nytte oss av det fine uteområdet borte ved Sunnhordaland museum, ein liten spasertur frå barnehagen.



 

Kva er goy

 

 Det er kjekt...

- med såpebobler

- å plaske i dammen

- å synge og danse

- å krype, klatre, rutsje og hoppe

- å lese bøker 

 

Vigdis Kippersund

Pedagogisk leiar

Linda Rogne

Pedagogisk leiar

Jessica Hauan

Fagarbeidar