



Tusenbein
Det er mykje spanande som skjer i denne alderen og utviklinga går fort! Språket byrjar å kome for fult og dei meistrar stadig meir sjølv.
Dei leikar meir saman no, i staden for ved sidan av kvarandre slik som er meir typisk for 1-åringen. Alt frå gryande rolleleik og rolege bordaktivitetar til full boltreleik og springing er vanleg i løpet av ein dag.
Tusenbein er i år 10 barn, 6 gutar og 4 jenter. Denne barnegruppa trivest godt ute. Der kan me springe, hoppe, rope, spela høg musikk og leike i sanden. Barna er glad i å utfordra seg sjølve så me finn dei ofte i klatrestativet og på toppen av berga våre. Dei lika å utforska uteområdet i barnehagen òg.
Sjølv om tusenbeinane likar seg ute er det kjekt å leike inne på romma våre òg. Der leika me med bilane, puslespela, lotto, dokkene og i kjøkkenkroken. Inni mellom er det kjekt å setta seg ned med ei bok. Me prøver å ha samling kvar morgon. Då har me song kort, syng bevegelse songar, les bildebøker og bruke eventyr kasser.
No i starte går me på turar i nærområde. Me må alltid ha ei hand å holde i når me går på tur. Når me kjem fram kan barna få gå litt egne vegar berre det er ein vaksen der. Plassar me går til er leirplassen vår i skogen og museumsparken. Når me har fått litt trening kan turen gå litt lengre. Me har mange fine turområde rundt oss i Ås barnehage. Me leiker med det som me finner i naturen og får god trening i ulendt terreng.
Me ser skikkeleg fram til eit kjekt barnehageår saman med desse kjekke tusenbeina!



Linda Amundsen Rogne
Pedagogisk leiar

Jillian Moores
Barne- og ungdomsarbeidar

Audhild Sørensen
Pedagogisk medarbeidar