Søk om plass!

Marihønene

Marihønegruppa er dei yngste barna i barnehagen. Me er tre vaksne på gruppa og når me startar nytt barnehageår har me åtte barn på gruppa vår. Dei er tre jenter og fem gutar som alle i fødd i 2023. Ikkje alle startar i august, så i august og september kjem tilvenning til å stå i fokus. Me skal gjere oss kjende med dei nye små, og bruke tid på å skape gode relasjonar mellom oss og barna, og barna imellom. Dei er nye i barnehagelivet, og skal gjere seg kjende med og ikkje minst bli trygge på ein ny kvardag saman med nye barn og nye vaksne. Me ønsker å leggje til rette for ein god start slik at dei kan oppleve alt det nye på ein trygg og god måte.  

 

På småbarnsavdeling vår er me to grupper, Marihønegruppa og Humlene. Me samarbeidar tett, og barna og dei vaksne kjem til å kjenne kvarandre godt. Her er me skjerma frå resten av barnehagen. Då kan dei minste barna få utforske og gjere seg trygge i sitt eige tempo. Me har to leikerom og eit stort fellesrom, så me har god boltreplass. Rett utanfor har me eit eige leikeområde som er for dei minste. Men sjølvsagt er det spennande å utforske andre område av barnehagen, og helse på dei andre ungane og kanskje søsken, så det legg me tilrette for etterkvart. Me utforskar litt og litt og oppdagar nye ting og nye leikeområde. Me er heldige og har skogen rett i nærleiken, og vår eigen leirplass berre ein liten gåtur unna. Der skal me gjere oss nye erfaringar og få nye opplevingar. Me gler oss til å bli kjende med Marihønene og dele kvardagen vår med dei.  

 

 

Kva er goy

 

 

 

     Dette er kjekt: 

    - Såpebobler

    - Musikk, song og dans

    - Utforske og oppdage både inne og ute

   

 

 

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Mia (Ingrid-Marie) Grov

Pedagogisk medarbeidar

Audhild Sørensen

Pedagogisk medarbeidar