Søk om plass!

Sommarfugl

 

 

 

 Barna på sommarfuglgruppa er dei eldste barna i barnehagen. I år er det ei lita gruppe på 12 kjekke barn som alle skal byrje på skulen til hausten 2027. 
Me har barnehagen sin øvste etasje, hemsen, for oss sjølv. Det trivst me godt! Her har me god plass til både leik, måltid og samlingstund i kroken vår. Inne likar me godt å byggje med matter, køyre småbilar, byggje magnetar, leike familieleik og halde på med ulike formingsaktivitetar blant anna. Dei dagane me er inne på føremiddagen så deler me oss opp i to mindre grupper. I gruppene leser me ofte bøker eller har aktivitetar knytt til fagområde. 
Me likar oss veldig godt ute, både i barnehagen og på tur. I nærmiljøet vårt har me fleire ulike faste stader som me går til. Leirplassen vår, parken ved museet, sentrum og ås-skogen er nokon av dei. Med bussen kjem me lengre, då går turane gjerne til fjellet eller stranda. Torsdagar går me på tur i nærområdet og bussen bruker me Mandag og Fredag. 
Når me er ute likar me godt å leite etter innsekt og bær dersom det er sesong for det. Me klatrar, utforsker og samler på ulike naturmateraler som me kan nytta i rolleleiken vår. Blader vert til pølser og marshmalows som me kan "grille" på bålet som me lagar av pinnar, kongler vert til sauer og ein stor flat stein kan gjerne vera pizza som får ulikt fyll på!
I år har me valt tema om Alf Prøysen som me skal jobbe med heile året. Det kjem til å verta mykje kjekk song og musikk, kjekke bøker og historiar om blant anna teskjekjærringa, snekker andersen og andre mindre kjendte forteljingar.
Vikige fokus dette året kjem til å vera skjølvstendighet og venskap, det å ta vare på kvarandre.

Me gler oss til eit kjekt år saman som sommarfuglar!

 

Kva er goy

Sommarfuglane liker ekstra godt:

 

*Gå på tur

*Klatra 

*Leika med lego og bilar 

*Lese bøker

*Teikna, klypp og lim

 

Anette Hansen Bjerkeset

Pedagogisk leiar

Mia Grov

Pedagogisk medarbeidar