Å vera liten hos oss

                     

                    

 

Me har seks aldershomogene grupper;

1. etasje er det Marihøne og Humle.

2. etasje er det Tusenbein, Grashoppe, Tissemaur og Sommarfugl.

 

Me er delt i gruppene våre store delar av dagen, og alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som ein ved ulike høve samarbeida saman med på team. Dette gjer at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe. Me samarbeidar på morgon og ettermiddag slik at barna blir kjend med personalet når me i saman i denne tida.  

 

Bygget vårt er utforma slik at dei yngste har leike -og grupperom nede i 1. etasje. Dette gir gode høve til å gi ro, omsorg og tryggleik, og til å ha skjerma småbarnsgruppe både inne og ute. Me har fokus på ei trygg tilvenningstid der me skal bli godt kjent med kvarandre, og me ønskjer at de som foreldre deltar så mykje som mogleg i denne tilvenningstida.

 

Ås barnehage er eigd av Opero Holding. Opero er ei arbeids- og inkluderingsbedrift som hjelper personar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i ordinært arbeid. Opero har fleire avdelingar, -Det er Mekanisk, og Jobb- og Kompetanse som held til på Heiane. Og Catering- og Kantineavdelinga som held til i SKL-bygget på Leirvik. Det vil sei at me her i barnehagen kan i periodar ha personalet i arbeidstrening hos oss. 

 

I Ås barnehagen har me ei fast ordinær grunnbemanning med pedagogar, fagarbeidarar, og pedagogiske medarbeidarar. Me har eigen kokk som kjem utanom den ordinære grunnbemanninga. Jobbsøkarane som er hos oss kjem i tillegg til dei vaksne som er på gruppa.

 

Instragram- profilen vår

Me deler frå gruppene sine dagar gjennom våre sosialekanalar. På facebook og instagram får ein innblikk i korleis kvardagen i barnehagen vår er. Ein er velkomen til å følgje oss:) 

 

 

Måltider

I Ås barnehage har me eigen kokk som førebur god og næringsrik mat til oss i kvardagen. Kokken er ikkje ein del av grunnbemanninga, men kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm. Me ser at arbeidet på kjøkkenet tar mykje tid, og dette er tid me ønskjer at personalet skal bruke saman med barna.

 

Barna får frukost i barnehagen. Me har fire varmemåltider i løpet av veka, og middag serverar me kvar onsdag. Prisen for mat er kr. 470 i mnd. Varmmåltida våre er suppe, graut og den svært så populære retten osteskjeva. Middagsmenyen vår er rullerande og strekkjer seg over 2 månader.

Bursdagar markerar me på gruppa til barnet med flagg, song og smoothie. 

 

 

Barnehagen har eige drivhus, veksthuset og ein eigen grønsakshage. Her håpar me at det kjem mykje godt etterkvart som me plantar. Det er planta både bær og frukt på utsida, og inne har me gode høve til å plante grønsake. I dette arbeidet deltek barna: 

«Gjennom arbeid med kropp, rørsle mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid». (Rammeplanen for barnehagen side 50.)

 

                         

                                                          

                    

 

                          Me dyrkar i eige veksthus!            Smoothie når det er bursdag.        Bærplukking på tur er stas, -uansett vær.

 

 

Menyplanen for perioden er:

 

 # Lapskaus med sesong grønsaker, pølse eller kjøtt. Servert med heimelaga brød.                     

 # Heimelaga fiskegrateng med råkost(salat) og rømmedressing                        

 # Pastagryte med tomat/paprikasaus kyllingkjøttdeig og grønsakblanding.                      

 # Fiskekaker med båtpoteter, paprikasaus og omn bakte grønsaker.                     

 # Kyllingkjøttbollar i fløtesaus servert med heimelaga potetmos og grønsaker.                    

 # Fiskebollar i kvit saus med potet og dampa grønsaker.                

 # Kyllinggryte i kokos og karri servert med ris, Brokkoli og babymais.               

 # Fullkornpasta med torsk og ostesaus, servert med grønsaker.

                     

SUPPER som er laga i frå bun:

 

# Gulrotsuppe

# Blomkålsuppe

# Blomkål og brokkolisuppe

# Søtpotetsuppe

# Rotgrønsaksuppe

# Potet og purreløksuppe

# Tomatsuppe

 

 Serveret med nybakt grovbrød eller krutongar.

  

 

                     

Epler frå eigen hage me laga eplekaka av   Frukosten har variert pålegg og grønsaker       Middagsmenyen vår rullerar.

 

 

 

 

Vår visjon,- verdiar og mål

Me har utarbeida ein eigen visjon for kva me vil barna skal ha med seg av erfaring når dei går vidare over i skulen. Me arbeidar jamt med våre mål, og våre overordna verdiar for at me skal gje barna dei beste skussmål for eiga framtid.

 

For å vera i utvikling, og for å oppretthalde eit kritisk blikk på eiga praksis utabeidar me kvart år eigne vurderingsområder i samabeid med foreldra som me evaluerar på slutten av barnehageåret. 

  

Vår visjon: Godt rusta for framtida.

 

Våre overordna verdiar

  • Respekt og omsorg for kvarandre
  • Lyst til å læra.
  • Tru på seg sjølv.
  • Sosial kompetanse

 

Våre mål er:

  • Barn har medverknad på eigen kvardag, og skal ikkje ha ansvar for meir enn dei er rusta for.
  • Alle skal kjenne seg inkludert og som ein del av fellesskapet.
  • Felles fokusområde for heile barnehagen.
  • Leikekloke vaksne som gir tid og rom for leik.

 

 

 

Vurderingsområdet 2025 er utarbeida etter tilbakemeldingar på foreldremøte:

 

  • Me skapar eit fellesskap gjennom samlingsstunder med eventyr og musikk.
  • Me har fokus på fellesskapet språk og musikk gir oss.

 

Trygt og godt barnehagemiljø

                       

 

Alle barn har rett på eit trygt og godt barnehagemiljø utan krenkingar og mobbing. Barnehagen skal sørga for at alle barn har det trygt og godt. Om eit barn ikkje har det trygt og godt skal personalet melde frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak. Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom det er ein som arbeidar i barnehagen som krenka eit barn. (lovdata.no)

 

I Ås barnehage arbeidar me kontinuerleg med å kartleggja vårt barnehagemiljø, og kvar gruppa har fokus på det heile tida. Personalet arbeidar med relasjonsskjema til Kari Pape slik at personalet skal sikra seg at alle barn har sin trygge vaksne. Om det blir synleg for oss, eller om foreldre melde bekymring for barnehagemiljøet, følgje me tiltaksplanen vår for handtering av barnehagemiljøet. Då har me ein satt tiltaksplan me arbeidar utfrå.