Å vera liten hos oss

Me har seks aldershomogene grupper;
- etasje er det Marihøne og Humle.
- etasje er det Tusenbein, Grashoppe, Tissemaur og Sommarfugl.
Me er delt i gruppene våre store delar av dagen, og alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som ein ved ulike høve samarbeida saman med på team. Me samarbeidar fast på morgon og ettermiddag slik at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe.
Bygget vårt er utforma slik at dei yngste har leike -og grupperom nede i 1. etasje. Dette gir gode høve til å ha skjerma småbarnsgruppe både inne og ute, og til å kunne gi ro, omsorg og tryggleik. Etter kvart som ein veks og modnar, flyttar ein opp i 2. etasje i barnehagen.
Me har fokus på ei trygg tilvenningstid der me skal bli godt kjent med kvarandre, og me ønskjer at de som foreldre deltar så mykje som mogleg i tilvenningstida.
Ås barnehage er eigd av Opero Holding. Opero er ein arbeids- og inkluderingsbedrift som hjelper personar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i ordinært arbeid. Opero har fleire avdelingar, -Det er Mekanisk, og Jobb- og Kompetanse som held til på Heiane. Og det er Catering- og Kantineavdelinga som held til i SKL-bygget på Leirvik. Det vil sei at me i barnehagen kan i periodar ha personalet i arbeidstrening hos oss.
I Ås barnehagen har me ei fast ordinær grunnbemanning med pedagogar, fagarbeidarar, og pedagogiske medarbeidarar. Me har eigen kokk som kjem utanom den ordinære grunnbemanninga. Jobbsøkarane som er hos oss kjem i tillegg til dei vaksne som er på gruppa.