Lunsjmeny
I Ås barnehage har me eigen kokk som førebur god og næringsrik mat til oss i kvardagen. Kokken er ikkje ein del av grunnbemanninga, men kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm. Me ser at arbeidet på kjøkkenet tar mykje tid, og dette er tid me ønskjer at personalet skal bruke saman med barna.
Barnehagen har eige drivhus, veksthuset og ein eigen grønsakshage. Her håpar me at det kjem mykje godt etter kvart som me plantar. Det er planta både bær og frukt på utsida, og inne har me gode høve til å plante grønsake. I dette arbeidet deltek barna:
«Gjennom arbeid med kropp, rørsle mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid». (Rammeplanen for barnehagen side 50.)
Barna får fire varmemåltider i løpet av veka, og middag serverar me kvar onsdag. Varmmåltida våre er suppe, graut og den svært så populære retten vår osteskjeva.
Middagsmenyen vår er rullerande og strekkjer seg over 2 månader.
Bursdagar markerar me på gruppa til barnet med flagg, song og smoothie.
Har dyrka eigne poteter. Laga lunaj frå Nepal. Fiskegraten med grønsaker
Menyplanen for perioden er:
# Lapskaus med sesongengs grønsaker servert med nybakt brød.
# Fiskekaker serverst med makaronistuing og dampa grønsaker.
# Kyllinggryta m kokos og brokkoli servert med ris.
# Fiskegrateng servert med råkost og urtedressing.
# Kyllingkjøttboller med heimalaga tomatsaus, pasta og grønnsaker.
# Fiskebollar i kvitsaus servert med kokte potet og gulerøtter.
# Skinkegrateng servert med salat og urtedressing.
# Plukkfisk servert med dampa grønsaker.
Sukkererter frå eigen hage. Tomater frå eigen hage. Lapskaus.



