Måltider

I Ås barnehage har me eigen kokk som førebur god og næringsrik mat til oss i kvardagen. Kokken er ikkje ein del av grunnbemanninga, men kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm. Me ser at arbeidet på kjøkkenet tar mykje tid, og dette er tid me ønskjer at personalet skal bruke saman med barna.

 

Barna får frukost i barnehagen. Me har fire varmemåltider i løpet av veka, og middag serverar me kvar onsdag. Prisen for mat er kr. 400 i mnd. Varmmåltida våre er suppe, graut og den svært så populære retten osteskjeva. Middagsmenyen vår er rullerande og strekkjer seg over 2 månader.

Bursdagar markerar me på gruppa til barnet med flagg, song og smoothie. 

 

 

Barnehagen har eige drivhus, veksthuset og ein eigen grønsakshage. Her håpar me at det kjem mykje godt etterkvart som me plantar. Det er planta både bær og frukt på utsida, og inne har me gode høve til å plante grønsake. I dette arbeidet deltek barna: 

«Gjennom arbeid med kropp, rørsle mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid». (Rammeplanen for barnehagen side 50.)

 

                         

                                                          

                 

 

      Lunsj ved leirplasse vår i skogen.                              Smoothie når det er bursdag!             Me dyrkar i eige veksthus!

 

 

Menyplanen for perioden er:

 

 # Lapskaus med sesong grønsaker, pølse eller kjøtt. Servert med heimelaga brød.                     

 # Heimelaga fiskegrateng med råkost(salat) og rømmedressing                        

 # Pastagryte med tomat/paprikasaus kyllingkjøttdeig og grønsakblanding.                      

 # Fiskekaker med båtpoteter, paprikasaus og omn bakte grønsaker.                     

 # Kyllingkjøttbollar i fløtesaus servert med heimelaga potetmos og grønsaker.                    

 # Fiskebollar i kvit saus med potet og dampa grønsaker.                

 # Kyllinggryte i kokos og karri servert med ris, Brokkoli og babymais.               

 # Fullkornpasta med torsk og ostesaus, servert med grønsaker.

                     

SUPPER som er laga i frå bun:

 

# Gulrotsuppe

# Blomkålsuppe

# Blomkål og brokkolisuppe

# Søtpotetsuppe

# Rotgrønsaksuppe

# Potet og purreløksuppe

# Tomatsuppe

 

 Serveret med nybakt grovbrød eller krutongar.

  

 

                     

Epler frå eigen hage me laga eplekaka av   Frukosten har variert pålegg og grønsaker       Middagsmenyen vår rullerar.